Kanelsnurrer med eplemos

Baking
>60 min
Antall porsjoner: 25
Oppskriftskreatør:

Ingredienser

Kanelsnurrer

1 kg kveitemjøl
150 g Helios Rårørsukker
1 pk tørrgjær
1 ts salt
1 ts Helios Kardemomme
5 dl H-mjølk
1 egg
150 g smør i terningar

Eplemos

250 g epler
0,5 dl vatn
Ca. 75 g sukker

Fyll

3-4 ts Helios Ceylon kanel
Perlesukker til pynt

Instruksjoner

Ha alle ingrediensane, unnateke smøret og 50 g av kveitemjølet, i ei kjøkkenmaskin.
Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
Dekk bakebollen og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
Kjevle deiga til eit stort rektangel, bruk resten av mjølet på bakebordet slik at deiga ikkje sit fast.
Smør uttover eplemos og strø med kanel.
Rull saman som ei rullekake og del opp i ca 1 cm tjukke skiver.
Legg snurrane på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under eit klede i 20-30 min.
Skru omnen på 200 grader over- og undervarme og strø perlesukker på toppen av snurrane før du set dei midt i omnen. Eit brett i gongen.
Steik i 15-20 min, til snurrane er gylne.
Avkjøl på rist og nyt.

Relaterte produkter

Lignende oppskrifter